Kommenter innlegget

Analyse, kva skal vi med det?

.Kjem eg nokon gong til å få bruk for analyse i arbeidslivet? -Kva er vitsen med dette her?, elevane mine stiller eigentleg ganske gode og kritiske spørsmål. For kvifor  må dei lære å analysere? Kva treng dei eigentleg analyser til?

Eg kan ikkje garantere at diktanalyse eller novelleanalyse er noko elevar vil ha bruk for seinare i livet. Det er heller ikkje sikkert dei vil ha bruk for alt dei lærer i  matematikk, samfunnsfag, mediafaga, kunstfaga eller dei andre språkfaga heller.  Men dei skal ha noko grunnleggande, og dette grunnlaget skal hjelpe dei på vegen vidare. Eg trur likevel at å analysere er ein eigenskap dei fleste kan få bruk for. Om du meiner ein film er bra. Kvifor er han bra?  Dess  betre og og meir detaljert du kan forklare det, jo meir truverde får du. Om du kan gjere det same med ei roman, ei blogg, eit bilete, vil kanskje argumenta dine vege tyngre. Dei som melder film må og ha evna til å analysere, det same gjeld dei som melder bøker.

Eg er eit språkmenneske, eg elskar å finne ut kva ord opphaveleg har betydd. Så etter kort googling finn eg ut av ordet analyse kjem av det greske «analysis» som betyr «oppløysing» eller «å bryte opp». Analyse er altså å dele opp noko og sjå på kvar del. Det stemmer godt med mi oppfatning av kva ein analyse skal vere.  Delane i ein novelle skal studerast, alt frå tema, motiv, handling og verkemiddel.

Ein analyse blir for meg mest spanande når ein kan kjenne att mønster. Når ein ser at element i ein tekst kan gå att i andre tekstar.  Det vi kallar intertekstualitet  (at vi finn «rester» av andre tekstar i teksten»). Det er då analyse blir mest spanande for meg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: